Topptur/guiding
Stryn Vinterski er eit godt utgangspunkt for mange flotte toppturar! Natakupa (1400 moh) og Hestefjellet (1303 moh) ligg svært lett tilgjengelig. Dei næraste toppane til skisenteret er:

Natakupa (1400 moh)
Natakupa ligg rett fram dersom du tar Steindalsheisen heilt opp. Då har du ca 400 høgdemeter att før du når toppen. Det tek ca 1,5 time før du er på 1400 moh, kor du har flott utsikt og super nedkøyring i vente!

Hestefjellet/Sølvberget (1303 moh)
Hestefjellet ligg til venstre dersom du tek Steindalsheisen heilt opp. Etter ca 1 time har du lagt bak deg ytterlegare 300 høgdemeter til toppen! Utsikta er upåklageleg, og du kan nyte flott nedkjøyring!

Andre toppar
Kyrkjenibba (1400 moh), Gryta (1032 moh), Karifjellet (1320 moh) og Gullkoppen (1306 moh) er og lett tilgjengelege toppar med flott nedkøyring.

Guiding
Dersom du ikkje er så van med høgfjellet, og ynskjer guide for å ta deg sikkert til topps, hjelper vi deg gjerne med det. Ta kontakt og bestill i førvegen.


Hovudsponsor


Våre samarbeidspartnarar