strynvinterski.no   + 47 901 38 308

© 2015 by Stryn Vinterski. Proudly created with Wix.com

På Stryn Vinterski tilbyr vi 3 skiheisar.

Tautrekket er eit ca 90 m langt tautrekk som passar for dei aller minste.
Hovudtrekket er 1200 m lang t-krokheis, og tar deg frå 325 til 680 moh. Fra toppen har du 3 ulike trasèval.

  • Hovedtrasèen går rett ned i same retning som heistrasèen. Vanskegrad raud – middels.

  • Nakkjen går slakt vestover frå toppen, rundt Nakkjen og hyttene på Bøanedsetra, og møter rundløypa i siste halvdel. Vanskegrad blå – lett.

  • Rundløypa startar med første bakken i hovedtrasèen, går så slakt vestover gjennom hyttefeltet på Bøanedsetra, for så å svinge søraustover og ned mot varmestua. Siste del av løypa går rett bak det nye hyttefeltet. Vanskegrad blå – lett.

 

Steindalsheisen er ein 1400 m lang t-krok heis, og tek deg frå 657 til 1000 moh. Frå toppen har du 2 hovudnedfartar

  • Vestsida går som navnet tilsier på vestsida av heisen, og i samme retning som heistrasèen, men i en lite bue midt på. Vanskegrad raud – middels.

  • Steindalstrasèen går på austsida av heisen, men meir i retning rett ned mot startpunktet til heisen. Vanskegrad raud – middels.

 

Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur. I umiddelbar nærleik kan du finne store vidslåtte områder med mengder av laussnø. All ferdsel her er på eige ansvar

 

  • Kafe og varmestove

  • Afterski

  • Skiutleige

  • 2 t-krok heisar

  • Barne skitrekk

  • 8 preparerte nedfartar

  • Park

  • Stor parkeringsplass

  • 20 km preparerte langrennsløyper

Om føretrekk slalom, telemark, snowboard eller topptur
tilbyr Stryn Vinterski noko for einkvar smak
Toppturar

Stryn Vinterski er eit godt utgangspunkt for mange flotte toppturr!
Natakupa (1400 moh) og Hestefjellet (1303 moh) ligger svært lett tilgjengelig.
Dei næraste toppane til skisenteret er:

Natakupa (1400 moh)
Natakupa ligg rett fram dersom du tar Steindalsheisen heilt opp. Då har du ca 400 høgdemeter att før du når toppen. Det tek ca 1,5 time før du er på 1400 moh,kvar du har flott utsikt og super nedkjøring i vente!

Hestefjellet/Sølvberget (1303 moh)
Hestefjellet ligg til venstre dersom du tek Steindalsheisen heilt opp. Etter ca 1 time har du lagt bak deg ytterlegare 300 høgdemeter til toppen! Utsikta er upåklageleg, og du kan nyte flott nedkjøring!

Kyrkjenibba (1400 moh), Gryta (1032 moh), Karifjellet (1320 moh) og Gullkoppen (1306 moh) er og lett tilgjengelege toppar med flott nedkjøring.

 

Guide

Dersom du ikkje er så van med høgfjellet, og ynskjer guide for å ta deg sikkert til topps, hjelper vi deg gjerne med det. Ta kontakt og bestill i førvegen.

 

Turløyper

Med utgongspunkt frå parkeringsplassen til Stryn Vinterski finn du eit flott turløypeterreng!
Med oppmot 30 km preparerte langrennsløyper. Rundt påsketider, opptil 40 km.
Mellom Stryn Vinterski og Ullsheim i Markane er det et fantastisk turområde! Lett, kupert terreng, fine setrar og utsikt mot fjell og fjord.
Lysløyper frå Stryn Skisenter, ca 2 km. Frå Ullsheim ca 5 km.

I sommarhalvåret er trasèene fine turstier.
Støtt drifta av løypenettet ved å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn. Meld di interesse på www.strynturløyper.no

Adm./drift, preparering og tilrettelegging vert utført av:
TURLØYPER STRYN AS, Arvid Hatledal – daglig leder – tlf 906 37 160