Skiskule/instruktør
Til komande sesong kan Stryn Vinterski tilby skiinstruktør i verdensklasse. Espen Fadnes, opprinnelig frå Molde flytta til Loen i Stryn saman med sambuar Amber Forte for 2 år sidan.

Stryn Vinterski er veldig stolte over å kunne få tilby deg muligheten til å dra nytte av hans erfaring og ekspertise. Espen konkurrerte i alpint fra 1990 - 1999. Han fungerte og som trenar i disiplinen for Møre og Romsdal skikrins dei siste åra. Bl.a. var han trenar for ei ung og lovande Ragnhild Mowinckel. Etterkvart gjekk han over til frikjøring. Og konkurrerte i inn-og utland fram til 2014. Heile livet har blitt brukt til fartsfylte aktivitetar i fjellheimen. I dei siste åra har han tevla for det norske landslaget i Wingsuit flyging.

Ynskjer du å forbedre deg på ski, i eller utanfor bakken. Anbefalast det å sette av tid til å trene spesifikke teknikkar og bevegelsesmønster. For å få det til effektivt, er det gunstig å få hjelp på vegen. Ein dag eller ein kveld med trening, kan gje deg råd som varig endrar skiopplevinga til det bedre.

Kontakt oss
For meir informasjon eller booking av skiinstruktør ta kontakt på post@strynvinterski.no eller ring Kåre på 90868382.


Hovudsponsor


Våre samarbeidspartnarar