Driftsmelding

Etter møte med smittevern lege i Stryn Kommune har vi i samråd og på sterk oppmoding, beslutta å stenge Stryn Vinterski for sesongen.

2020 har vore ein skisesong vi helst vil gløyme. Men nytt skitrekk og snøkanonanlegg låg alt til rette. Men kulde og snø uteblei i byrjinga av sesongen. Når vi først fikk snø, vart det berre skitvær. Og så kom det pandemi. Men vi på linje med alle skisenter tek sikkerheita på alvor, og tek vår del for å hindre smitte.

Noko har vi likevel fått gjort i år. Bl.a har vi fått gjort unna det meste av spesielle inspeksjonar. (krav frå konsesjonsmynde. Som må gjerast før neste sesong)

Det er mykje snø i høgfjellet i år. Så vi får håpe at Stryn Sommerski får nyte godt av denne snøen.

Stor takk til alle de som har besøkt oss, og velkomne tilbake !

Vi sjåast i sesongen 20/21.

Kjøp_her.jpg
Ny Jr. Heis i Stryn
Til sesongen 2019/2020 har Stryn Vinterski kjøpt ny barne og nybebynner skiheis. Skitrekket er ein tallerkenheis og 300 langt.
Vi har og laga nye 
nedfartar med flomlys,
i samband med
det nye skitrekket.
Stryn "bjudar på" !
Vår nye Jr. heis blir i
denne sesongen gratis
å bruke.
Vi har også montert nytt snøproduksjonsanlegg. Dermed aukar vi 
kapasiteten på kunstsnø produksjonen med 400%
Gled Dykk til sesongen 2019/2020
Det gjer iallefall VI !!!
No kan du kjøpe heiskort online og gå rett i heisen
Lade opp heiskortet ditt heime og gå rett i
skiheisen. 
kjoep.jpg
VINTER I STRYN

Om du føretrekk slalom, telemark, snowboard eller toppturar, tilbyr Stryn Vinterski noko for einkvar smak. Løypenettet er godt utbygd og med Steindalsheisen kan du komme deg opp til 1010 moh. Totalt tilbyr vi 12 km preparerte nedfarter.

Eit perfekt utgongspunkt for toppturar.

Lengst nede ved servicebygget finn du et barnevennlig område med to tautrekk. 

 

Kun 4,5 km frå Stryn sentrum. Med fleire restauranter, variert shopping og overnattingsmoglegheiter.

 

VI TILBYR

Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur

 

  • Kafe og varmestove

  • Afterski

  • Skiutleige

  • 2 t-krokheisar

  • 1 tautrekk

  • 1 tallerkenheis

  • 12 nedfarter

  • Park

  • Stor parkeringsplass

  • I umiddelbar nærleik er det ca 30km langrennsløyper

Om du føretrekk slalom, telemark, snowboard eller
topptur tilbyr Stryn Vinterski noko for einkvar smak

ALPEPASS er eit samarbeid mellom 8 destinasjonar i Nordfjord og Sunnmøre. Alpepass kan brukast valfritt på destinasjonane Strandafjellet, Volda Skisenter, Ørskogfjellet, Arena Overøye, Harpefossen, Ørsta Skisenter, Sunnmørsalpene Skiarena Fjellseter, Hornindal og sjølvsagt Stryn Vinterski. Du kan kjøpe sesongkort for ALPEPASS som gir full tilgong til alle dei 8 skisentra gjennom heile sesongen.
Nordfjord og Sunnmøre er eit fjell- og naturområde som er kjent for sine vakre alpine fjell med spektakulær utsikt og beliggenheit. Her er normalt store mengder snø, og forholda ligg til rette for ein naturoppleving utanom det vanlege.
Stryn Vinterski og ALPEPASS gjev deg ein unik muligheit til å oppleve mange herlige destinasjonar på same skipass

strynvinterski.no   + 47 901 38 308

© 2015 by Stryn Vinterski. Proudly created with Wix.com

c5b08b_ff5c7fbd8659482a89bc1f1059f8363b.