strynvinterski.no   + 47 901 38 308

© 2015 by Stryn Vinterski. Proudly created with Wix.com

 
Aktivitetar 2019
  • Skiutleige
  • Åpen Café kva opningsdag
  • Utleige av minisnøscooter ved Servicebygget
  • Grilling ute ved servicebygget og i Steindalen
  • Afterski med trubadur i helgane
TOPPTURER
 
 

Stryn Vinterski er eit godt utgangspunkt for mange flotte toppturar! Natakupa (1400 moh) og Hestefjellet (1303 moh) ligg svært lett tilgjengelig. Dei næraste toppane til skisenteret er:

 

Natakupa (1400 moh)
Natakupa ligg rett fram dersom du tar Steindalsheisen heilt opp. Då har du ca 400 høgdemeter att før du når toppen. Det tek ca 1,5 time før du er på 1400 moh, kor du har flott utsikt og super nedkøyring i vente!

 

Hestefjellet/Sølvberget (1303 moh)
Hestefjellet ligg til venstre dersom du tek Steindalsheisen heilt opp. Etter ca 1 time har du lagt bak deg ytterlegare 300 høgdemeter til toppen! Utsikta er upåklageleg, og du kan nyte flott nedkjøyring!

 

Kyrkjenibba (1400 moh), Gryta (1032 moh), Karifjellet (1320 moh) og Gullkoppen (1306 moh) er og lett tilgjengelege toppar med flott nedkøyring.

 

GUIDING

Dersom du ikkje er så van med høgfjellet, og ynskjer guide for å ta deg sikkert til topps, hjelper vi deg gjerne med det. Ta kontakt og bestill i førvegen.

 

TURLØYPER

Med utgongspunkt frå parkeringsplassen til Stryn Vinterski, finn du eit flott turløypeterreng! Med oppmot 30 km preparerte langrennsløyper. Rundt påsketider, opptil 40 km. Mellom Stryn Vinterski og Ullsheim i Markane er det eit fantastisk turområde! Lett, kupert terreng, fine setrar og utsikt mot fjell og fjord.

Lysløyper frå Stryn Vinterski, ca 2 km. Frå Ullsheim ca 5 km.

I sommarhalvåret er trasèane fine turstiar.
Støtt drifta av løypenettet ved å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn. Meld di interesse på www.strynturløyper.no

Adm./drift, preparering og tilrettelegging vert utført av:
TURLØYPER STRYN AS, Arvid Hatledal – dagleg leiar – tlf 906 37 160